Publisert 21.12.2020

Vil vurdere moglege tiltak for auka måling av veglysanlegg

Ein ny utgreiing konkluderar med at AMS-måling bør nyttast i nye veglysanlegg, men primært også i eksisterande umålte anlegg, viss dette ikkje medfører uforholdsmessig store investeringar. Reguleringsmyndigheten for energi i NVE (RME) vil, med bakgrunn i mellom anna utgreiinga, vurdere moglege tiltak for auka måling av veglysanlegg.

RME vil vurdere moglege tiltak for auka måling av veglysanlegg. illustrasjon: RME-NVE

Infrastrukturen og straumforsyninga til mange veglysanlegg er slik at ombygging til standard AMS-måling vil bli urimeleg kostnadskrevjande. Våren 2020 ga difor Reguleringsmyndigheten for energi  Oslo Economics i oppdrag å kartlegge og vurdere alternative metodar for måling av veglys.

- Vi er også positive til at det blir gjennomført pilotar der automatiserte prosessar for innsending av målarverdiar blir testa. Erfaringane frå slike prosjekt, saman med utgreiinga  frå Oslo Economics, er nyttige underlag for vårt vidare arbeid med å utvikle den samla reguleringa, uttalar fungerande seksjonssjef i RME, Siri Steinnes.

I den grad AMS-måling ikkje er aktuelt, vurderer Oslo Economics at armaturmåling er ein samfunnsøkonomisk lønnsam metode for måling og avrekning for store delar av dagens umålte veglysanlegg. Armaturmåling betyr at kvart lysarmatur har integrert målar. Sidan overgang til måling vil ta tid, også med armaturmåling, vil estimering framleis måtte gjerast for mange veglys. Utan armaturmåling vil ikkje veglyseigarane kunne tilpassa energibruken individuelt for krav enkelt lysarmatur.

Oslo Economics peikar også på det i dag ikkje er døme på armaturmålt veglys der måleverdiane dagleg blir overført automatisk til nettselskapa. Dei tilrår difor å oppmuntra til pilotprosjekt som testar løysingar for automatisk og dagleg innsending av måleverdiar.

Her kan du laste ned rapporten: Utredning om måling av veg-/gatelys

 

Energiforbruket til veglys blir i varierande grad målt

Dei umålte anlegga blir avrekna og fakturert basert på estimert energiforbruk for kvar enkelt lysarmatur. Bruk av glødelampar og kjennskap til den årlege brukstida har medført at dei estimerte anslaga for energiforbruket er relativt gode, men likevel medfører ei slik estimering at veglyseigarane berre tilnærma blir fakturert sitt faktiske forbruk.

Dette er no i ferd med å endre seg fordi auka bruk av ny teknologi gjer at både brukstid og lysmengde, og dermed energiforbruket, vil variere mellom dei ulike lysarmaturane. Dette skuldast at lyset frå kvar enkelt lyspære kan tilpassast individuelt og avhengig av bl.a. trafikkmengde og -type, tidspunkt på døgnet, lyset i omgjevnaden m.m. Moderne lysarmatur vil gi sterkt redusert energiforbruk, og vil difor samstundes stimulere eigarar av veglys til auka bruk av ny lysteknologi.

kontaktperson

Siri Steinnes, fung. seksjonssjef i RME
mobil: 997 98 985