Publisert 28.05.2025

Avbrotsstatistikken for 2024

I 2024 var leveringspålitelegheita på 99,985 prosent. Det vil seie at 0,015 prosent av den elektriske energien ikkje nådde fram til straumkundane på grunn av feil eller utkoplingar. Det viser avbrotsstatistikken frå Reguleringsmyndigheita for energi i NVE (RME).

Levert og ikkje-levert energi

Samla levert energi til sluttbrukarane var omtrent 130,3 TWh. Det inkluderer forbruk som kan koplast ut, men ikkje overføringstap i nettet. Dette er ein oppgang på omtrent 10 TWh frå 2023.

Ikkje-levert energi (ILE) er den mengda energi som hadde blitt levert til sluttbrukarar dersom avbrot ikkje hadde hendt. I 2024 var mengda ikkje-levert energi 19 GWh, som er ein nedgang på 11,8 GWh frå 2023. Nedgangen kjem hovudsakeleg av at mengda ikkje-levert energi i 2023 var høy som følge av utfall hos Svabo Industrinett. Samanlikna med tal for ikkje-levert energi i 2022, så har mengda ikkje-levert energi i 2024 auka med 7,2 GWh.

Leveringspålitelegheita blir påverka av ulike faktorar

Leveringspålitelegheita blir ofte påverka av til dømes kraftig uvêr eller snøvêr, eller enkelthendingar hos nettselskap. Til dømes var det eit stort avbrot hos Svabo Industrinett i 2023 som påverka leveringspålitelegheita nasjonalt. Det var få slike store hendingar i kraftsystemet i 2024, men en enkelthending som påverka leveringspålitelegheita i 2024 var ekstremværet Ingunn. I 2024 var leveringspålitelegheita på 99,985 prosent.

KILE og antal avbrot

I 2024 var total KILE på 835,9 MNOK. Det er ein auke på 86 MNOK frå 2023. Det er også ein auke i antal avbrot samanlikna med 2023, men kvart avbrot har ikkje vart lenger. I 2024 var antal avbrot 11,1 millionar og varigheita per avbrot var i snitt 35,4 minuttar.

Eit utval nasjonale nøkkeltal

Straumkundane opplevde i gjennomsnitt 1,70 langvarige straumbrot i 2024. Eit langvarig avbrot varar i over 3 minuttar. Når det først oppstår eit straumbrot hos ein straumkunde tek det ofte over tre minutt å retta denne feilen ettersom nettselskapet i mange tilfelle manuelt må ut og retta feilen.

Nettselskapa brukte i gjennomsnitt 1 time og 6 minutt på å få straumen tilbake til straumkundane etter eit langvarig avbrot. Blant nettselskapa er det ei spreiing i talet på langvarige avbrot per sluttbrukar. Den høgaste verdien var 5,7 avbrot per sluttbrukar og den lågaste verdien var 0 avbrot per sluttbrukar. Det var fire nettselskap som ikkje hadde langvarige avbrot i 2024. Vi ser at det ofte er nettselskap i vêrutsette områder som har flest avbrot per sluttbrukar.

Dei som opplevde minst eitt langvarig straumbrot, var i gjennomsnitt utan straum i totalt 3 timar og 31 minutt og opplevde 3,2 avbrot.

Straumkundane opplevde i gjennomsnitt 1,6 kortvarige straumbrot i 2024.

Kontakt

Marit Serianna S. Hjerpseth, Overingeniør

mssh@nve.no

Torfinn Jonassen, Seksjonsleder

tjo@nve.no

KILE - Kostnader ved ikkje levert energi
KILE-ordninga er ei incentivregulering som gir nettselskapa økonomisk motivasjon til rett ressursallokering innanfor dei rammene og vilkåra som myndigheitene elles har sett. KILE-ordninga er ikkje ei kompensasjonsordning for sluttbrukarar, men gir nettselskapa incentiv til å byggje, drive og utvikle nettet med ei samfunnsøkonomisk optimal leveringspålitelegheit.

Avbrot
Tilstand karakterisert ved manglande levering av elektrisk energi til ein eller fleire sluttbrukarar, der alle forsyningsspenningane er under 5 % av avtalte spenningsnivå.