Publisert 10.12.2015 , sist oppdatert 26.02.2024

Leveringsplikt

Nettselskapa er pålagd såkalla leveringsplikt for å sikre at kundane ikkje skal miste straumen ved flytting, når straumleverandøren ikkje lenger kan levere straum, (t. d. ved konkurs), eller når kunden ikkje betalar straumrekninga og straumleverandøren av den grunn avsluttar leveransen.

I slike situasjonar får kunden automatisk – som følgje av leveringsplikta – straum frå nettleverandøren i området der han bur.

Prisen for kundar på leveringsplikt er regulert . Prisen dei betalar i denne tida skal ikkje vere høgare enn spotprisen for området, pluss eit påslag på 5 øre/kWh ekskl. moms (dvs. 6,25 øre/kWh inkl. moms). 

Nettselskapa er pålagt å informere kundane om korleis dei kan finne ein ny leverandør. Leveringsplikt er meint å vera ein førebels ordning og skal difor vere dyrare enn om den same kraften vert kjøpt frå ein straumleverandør.