Publisert 27.10.2015 , sist oppdatert 30.04.2025

Avbrotstatistikk

Reguleringsmyndigheita for energi (RME) gir kvart år ut oppdatert statistikk for avbrotdata. Statistikken er basert på årleg, fylkesfordelt innrapportering av data frå norske nettselskap. Statistikken viser avbrot som følgje av hendingar (driftsforstyrringar og planlagde utkoplingar) i det norske kraftnettet. Det er publisert avbrotstatistikkar for kvart år frå 1995 til 2024.

Avbrotstatistikken for 2025 blir publisert 30. april 2026

Brukarrettleiing: Ved å halde inne Ctrl + Venstreklikk kan du velje fleire nettselskap/sluttbrukargrupper/fylke i tabellane.

Store hendingar i kraftnettet kan ofte sjåast igjen i statistikken for avbrot i form av dårlegare leveringspålitelegheit og fleire avbrot.

I 2024 var leveringspålitelegheita 99,985 prosent. Det vil seie at 0,015 prosent av den elektriske energien ikkje nådde fram til sluttbrukar på grunn av feil eller utkoplingar.

I snitt opplevde kvar straumkunde 1,70 straumbrot med varigheit over 3 minutt. Straumkundane som opplevde minst eitt langvarig straumbrot, var i gjennomsnitt utan straum i totalt 3 timar og 31 minutt i 2024. ​

30.04.2025: Korrigert verdi for levert energi i 2023