Publisert 26.06.2025

RME varslar lovbrotsgebyr overfor Fagne AS

Reguleringsmyndigheita for energi i NVE (RME) gjer vedtak overfor Fagne AS om brot på krava til nettselskap si behandling av saker om misnøye med spenningskvaliteten og varslar lovbrotsgebyr på 2,5 millionar kroner. 

Foto: NVE/Herman Dreyer

- Å måle spenningskvaliteten hos kundar og å følge opp eventuelle overskridingar av grenseverdiane er ei viktig oppgåve for nettselskapa. I denne saka har Fagne AS gitt feilaktige opplysningar og påført kunden sin ekstra kostnader. Vi ser alvorleg på saka og varslar derfor eit gebyr på 2,5 millionar kroner, seier fungerande direktør i RME Mari Holen Christensen. 

Om saka 

Saka starta i 2022 då Statens vegvesen opplevde problem med belysninga i ein tunnel. Dei bad om hjelp frå Fagne AS til å finne ut av om årsaka til problemet var knytt til spenningskvaliteten. Fagne AS utførte ei spenningskvalitetsmåling som viste brot på grenseverdiar til spenningskvalitet utan å følge opp etter krav i forskrift. Statens vegvesen tok i 2023 på nytt kontakt for ei ny måling der målinga igjen hadde same resultat. Fagne AS opplyste fleire gonger i etterkant av denne målinga feilaktig til Statens vegvesen at spenningskvaliteten var innanfor grenseverdiane. Ettersom problema heldt fram leide Statens vegvesen inn konsulentar for å gjere eigne målingar. Desse målingane viste det same som Fagne AS sine tidlegare målingar. Konfrontert med resultata frå Statens vegvesen si eiga måling erkjente Fagne AS at dei tidlegare målingane deira også hadde vist brot på grenseverdiane, i motsetning til det dei tidlegare hadde opplyst om.  

RMEs vurdering i saka 

Fagne AS har i si behandling av Statens vegvesens klage på spenningskvalitet brote krava til nettselskap si behandling av saker om misnøye med spenningskvaliteten. Når nettselskap avdekker brot på grenseverdiar til spenningskvalitet skal dei finne ut kven som er ansvarleg for å utbetre forholdet. Fagne AS hadde informasjon frå utførte målingar ved to høve som viste at grenseverdiane til spenningskvalitet var overskridne. Likevel unnlèt dei å finne fram til utbetringsansvarleg. Fagne AS opplyste feilaktig til Statens vegvesen at den målte spenningskvaliteten var innanfor grenseverdiane. RME ser det som alvorleg at Fagne AS har gitt feilaktige opplysningar som førte til at Statens vegvesen måtte hyre inn ekstern hjelp for å avdekke at det var eit problem med spenningskvaliteten.  

Vi har varsla lovbrotsgebyr 

Vi har gjort vedtak om brot på krava til saksbehandling når kundar er misfornøgde med spenningskvaliteten, gitt i leveringskvalitetsforskrifta § 2-5. Samtidig har vi varsla lovbrotsgebyr på 2,5 millionar i saka. Fagne AS vil få høve til å uttale seg før vi gjer vedtak om lovbrotsgebyr i saka. RME understrekar at vurderingane kan endre seg på bakgrunn av eventuelle innkomne kommentarar eller nye opplysningar. 

Kontakt

Torfinn Jonassen, seksjonssjef kunde og nett

E-post: tjo@nve.no

Tlf.: 22 95 94 80

Camilla Aabakken, senioringeniør

E-post: caa@nve.no

Tlf.: 22 95 98 29