Publisert 06.03.2024

Kraftsituasjonen veke 9, 2024

Lågare prisar nord i Noreg, og høgare i sør

Det milde vêre heldt fram førre veke, og forbruket i Noreg fall ytterlegare frå veka før. I sørlege Noreg var forbruket over veka lågt samanlikna med tilsvarande veke dei siste åtte åra. Mindre vindkraftproduksjon og høgare kraftprisar nord på kontinentet bidrog til at kraftproduksjonen og nettoeksporten i sørlege Noreg auka frå veka før. I tillegg var det meir tilsig enn normalt som bidrog til høgare produksjon, spesielt i Søraust-Noreg (NO1). Kraftprisen i sørlege Noreg (NO1, NO2, NO5) var 65 øre/kWh, ein liten auke frå veka før.

I dei nordlege prisområdane i Norden (NO3, NO4, SE1 og SE2) auka vindkraftproduksjonen frå veka før, samstundes som at forbruket falt. Dette bidrog til ein nedgong i vekeprisane frå veka før. Vekesprisen var høvesvis 40 og 37 øre/kWh i Midt- og Nord-Noreg (NO3, NO4).

I helga var to kjernekraftreaktorar i Norden utilgjengelege. I Finland gjekk Olkiluoto 3 (1600 MW) ut til planlagt vedlikehald, som ga 40 prosent reduksjon i tilgjengeleg kjernekraftkapasitet. I Sverige var Forsmark 2 (1121 MW) ute i fire dagar grunna ein feil. På våren startar vedlikehaldssesongen for kjernekraft og det vil vere lågare tilgjengeleg kapasitet gjennom store delar av sommarhalvåret.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 9 2024.

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Silje Jelsness
Epost: sitj@nve.no