Publisert 07.02.2024

Kraftsituasjonen veke 5, 2024

Mildt vêr og høg vindkraftproduksjon

Det var mykje vind i Norden også førre veke. Førebelse tal viser at det vart set nye produksjonsrekordar for vindkraft i både Sverige, Finland og Norden som heilheit. I Norden vart det produsert 3,5 TWh vindkraft førre veke, som er ei auke på 0,4 TWh frå den tidlegare rekorden set i veke 4. Vindkraft stod for meir enn ein tredjedel av den totale kraftproduksjonen i Norden. Vindkraftproduksjonen i Noreg var også høg, sjølv om nokre vindparkar periodevis måtte redusera produksjonskapasiteten på grunn av uvêret «Ingunn».

Førre veke var prega av høge temperaturar og mykje nedbør. I Noreg var nedbørsmengda tre til fire gongar så stor som gjennomsnittet for veka. Framfor alt bidrog dette til ei kraftig auke i snømagasina, men det kom også mykje tilsig til vasskraftmagasina for årstida. Meir tilsig og lågare vasskraftproduksjon bidrog til at magasinfyllinga ikkje gjekk like mykje ned i veke 5 som den gjorde i vekene før.

Saman med mykje vindkraft og lågt forbruk bidrog den store mengda nedbør til lågare prisar i Norden. Vekeprisen i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) var på høvesvis 22 og 24 øre/kWh, medan den i sørlege Noreg ( NO1, NO2 og NO5) var på omlag 60 øre/kWh. Grunna lågt forbruk og mykje vindkraft på kontinentet var det søndag 4. februar nokre timar med nullprisar i Søraust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2). Dette er første gong det er nullprisar i Noreg i februar.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 5 2024.

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Kyrre Kirkbakk Fjær
Epost: kyfj@nve.no