Publisert 06.12.2023

Kraftsituasjonen veke 48, 2023

Framleis høgt forbruk av kraft

Kaldt vêr bidrog til svært høgt kraftforbruk i Noreg førre veke. Forbruket auka med 10 prosent frå veka før. Førebels tal viser at kraftforbruket i Nord-Noreg var det høgaste over ei veke nokon sinne. I Midt-Noreg har det tidlegare vore ei veke med høgare forbruk.

Vindkraftproduksjonen var låg for årstida i store delar av Norden og Tyskland førre veke. Samstundes var begge kjernekraftverka Forsmark 2 og Ringhals 4 i Sverige (SE3) ute deler av veka grunna feil. Saman med høgt forbruk bidrog dette til at kraftprisane i Norden auka frå veka før.

I Midt- og Nord-Noreg var vekeprisen på høvesvis 76 og 71 øre/kWh. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) steig vekeprisen til 152 øre/kWh, som er den høgaste vekeprisen så langt i år. Dette er høgt prisnivå historisk, men likevel om lag ei halvering av prisen på denne tida i fjor. Prisane i sørlege Noreg var på same nivå som på kontinentet gjennom store delar av veka. Ved like priser er det ikkje lønsamt å utveksle kraft, og kapasiteten på overføringsforbindingane vart ikkje brukt til handel i spotmarknaden i desse timane.

I november var det fleire veker med låge temperaturar og mindre nedbør enn gjennomsnittet. Dei låge temperaturane bidrog til at ein stor del av nedbøren la seg som snø og gav lite tilsig til vassmagasina. Høg etterspurnad etter kraft og høg kraftproduksjon har og bidrege til at fyllingsgraden no ligg noko lågare enn medianen for dei siste 20 åra. Det er ikkje unormalt etter slike kuldeperiodar.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 48 2023.

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Kyrre Kirkbakk Fjær
Epost: kyfj@nve.no