Publisert 29.11.2023

Kraftsituasjonen veke 47, 2023

Kaldt vêr og høgt forbruk

Det var kaldt vêr i heile Noreg førre veke. Særleg i Midt- og Nord-Noreg var det kaldare enn normalt, og kraftforbruket var høgt.

Mykje av nedbøren i førre veke la seg som snø, og dette bidrog til at magasinfyllinga gjekk ned i alle prisområda. 40 prosent av finsk kjernekraftproduksjon var ute av drift måndag og tysdag, samstundes som det var lite vindkraft i Norden og på kontinentet. Dette bidrog til at Finland fekk ein pris på 9 kr/kWh på det høgaste tysdagen. Frå onsdag tok vindkraftproduksjonen seg opp både i Norden og på kontinentet.

Kraftprisane var høge i alle prisområda i Noreg i starten av veka. Da vindkraftproduksjonen tok seg opp nord i Norden, gjekk prisane i Midt- og Nord-Noreg ned. I disse områda var vekeprisen på høvesvis 70 og 64 øre/kWh. Sørlege Noreg hadde ein vekepris på 108 øre/kWh, om lag på same nivå som veka før.   

Ein budfeil i det finske prisområdet fredag ga priskollaps der prisane nådde prisgolvet på EUR – 500/MWh i ti samanhengande timar. Flaskehalsar mellom Finland og dei svenske og norske prisområda bidrog til at det ikkje blei priskollaps der.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 47 2023.

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Ingrid Ueland
Epost: inguel@nve.no