Publisert 08.11.2023

Kraftsituasjonen veke 44, 2023

Høg vindkraftproduksjon og lågare kraftprisar

Vindkraftproduksjonen auka i store delar av Nord-Europa førre veke. I Tyskland stod vind- og solkraft for 65 prosent av produksjonen, ein auke frå 45 prosent veka før. Høg fornybar kraftproduksjon bidrog til mange timar med låg kraftpris på kontinentet. Det ga fleire timar med norsk import enn veka før, og for fyrste gong sida mars i år var Noreg nettoimportør av kraft i veke 44 sett under eitt.

Alle dei norske prisområda hadde lik kraftpris store delar av måndagen. Ei viktig årsak var særs låg vindkraftproduksjon i dei nordlege prisområda i Norden. Dette bidrog til at det ikkje vart flaskehals på forbindingane sørover i Noreg og Sverige. Kraftprisane i nord ble difor lik som i dei sørlege prisområda. Resten av veka var kraftprisane i sørlege Noreg stort sett høgare enn i Midt- og Nord-Noreg. Sørlege Noreg hadde ein vekepris på 70 øre/kWh, medan Midt- og Nord-Noreg hadde ein vekepris på høvesvis 34 og 32 øre/kWh.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 44 2023.

NB: NVE har oppdaga ein mogleg feil  i datagrunnlaget for forbruket i NO2. Vi er i kontakt med vår leverandør av data for å undersøke dette. Dette påverkar følgande tabellar og figurar i rapporten: Tabell 6 og 7, og figur 12 og 13.

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 44 var fyllingsgraden i magasina i Noreg på 82,1 prosent.  Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 1,5 prosenteiningar.

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Silje Jelsness
Epost: sitj@nve.no