Publisert 18.10.2023

Kraftsituasjonen veke 41, 2023

Kaldare vêr og varierande vindforhold medførte store prissvingingar sør i Norden  

Kaldare vêr og varierande vindforhold medførte store prissvingingar sør i Norden  

Kraftprisen i sørlege Noreg auka førre veke. Søraust- og Vest-Noreg (NO1 og NO5) hadde ein vekepris på 27 øre/kWh, ein tidobling frå veka før. Lågare temperaturar ga ei auke i kraftforbruket som bidrog høgare kraftprisar. I tillegg var det periodar med låg vindkraftproduksjon, som medverka til store prissvingingar. Måndag morgon var det enkelte timar med kraftpris over 100 øre/kWh. Vi må tilbake til juni for å finne så høge timeprisar i desse områda. Vekesprisen i Sørvest-Noreg (NO2) var 32 øre/kWh, ein auke på 33 prosent samanlikna med veka før. Prisdifferansen mellom dei sørlege områda i Noreg var den lågaste sidan før sommaren. Høgare forbruk på Austlandet har gitt mindre flyt sørover og færre timar med flaskehals mellom Søraust-Noreg (NO1) og Sørvest-Noreg (NO2).  

I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) fall kraftprisen frå veka før og enda  på  1 og 3 øre/kWh, ein nedgang på høvesvis 55 og 23 prosent samanlikna med førre veke. Prisfallet har samanheng med auke i vindkraftproduksjonen frå veka før. Midt-Noreg hadde den høgaste vindkraftproduksjonen over ei veke sida mars i år.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 41 2023

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 40 var fyllingsgraden i magasina i Noreg på 86,7 prosent.  Gjennom veka auka magasinfyllinga med 1,5 prosenteiningar.

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Jørgen Mathias Taraldsvik Nipen
Epost: jmtn@nve.no