Publisert 11.10.2023

Kraftsituasjonen veke 40, 2023

Kaldare vêr og høgare forbruk, men framleis låge prisar

Temperaturane fall i heile landet førre veke. Dette bidrog til at forbruket i Noreg auka med ni prosent frå veka før. I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) var vekeforbruket høgare enn tilsvarande veke dei siste ti åra. Trass høgare forbruk var kraftprisen framleis på eit svært lågt nivå i store delar av landet førre veke. Vekeprisen var 3-4 øre/kWh i dei norske prisområda, med unntak av Sørvest-Noreg (NO2). Magasinfyllinga i  Vest- og Søraust-Noreg (NO5 og NO1) er framleis høg for årstida og nær historisk maksimum.

Vekeprisen i Sørvest-Noreg var i snitt 24 øre/KWh, ein reduksjon på 30 prosent frå veka før.  Det er tredje veke på rad at prisen i Sørvest-Noreg er under 35 øre/kWh. Også på kontinentet fall kraftprisane frå veka før, blant anna grunna høgare vindkraftproduksjon. I Tyskland var produksjonen frå vindkraft dobla frå veka før. Kraftprisane i Sørvest-Noreg (NO2) og Danmark fall tidvis ned på prisnivået i Søraust- og Vest-Noreg, og det var fleire timar negative kraftprisar gjennom veka. Dette var samtidig som vindkraftproduksjonen i Danmark var høg og eksportkapasiteten frå Noreg til Tyskland var avgrensa.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 40 2023

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 40 var fyllingsgraden i magasina i Noreg på 85,3 prosent.  Gjennom veka auka magasinfyllinga med 0,7 prosenteiningar.

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Silje Jelsness
Epost: sitj@nve.no