Publisert 06.09.2023 , sist oppdatert 07.09.2023

Kraftsituasjonen veke 35, 2023

Framleis høg produksjon i sørlege Noreg

For tredje veke på rad var det høg kraftproduksjon i sørlege Noreg. Det er framleis mykje vatn i kraftsystemet, noko som bidrog til høg nettoeksport også i veke 35.

Trass vedvarande prisskilnad mellom Sørvest-Noreg og dei tilgrensande prisområda sør i Noreg, ligg vekeprisane her 82-97 prosent lågare enn på same tid i fjor. Lågare gassprisar og høgare magasinfylling har bidratt til et lågare nivå på prisane. Vekeprisen i Sørvest-Noreg (NO2) enda på 91 øre/kWh, medan Vest- og Søraust-Noreg (NO5 og NO1) hadde vekepris på 16 øre/kWh.

Prisane i Noreg, Sverige og Finland var lågare enn på kontinentet i veke 35.
Vindkraftproduksjonen i Nord-Europa var på eit lågt nivå for årstida. Dette bidrog til at Tyskland måtte importere kraft for å dekke sitt eige forbruk, mellom anna frå Norden. Nettoeksporten frå Norden så langt i år har vore klart høgare enn på same tid i fjor.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 35 2023

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 35 var fyllingsgraden i magasina i Noreg på 78,7 prosent. Gjennom veka  gjekk magasinfyllinga ned med 0,6 prosenteiningar.

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Ingrid Ueland
Epost: inguel@nve.no