Publisert 30.08.2023

Kraftsituasjonen veke 34, 2023

Rekordhøg kraftproduksjon i det sørlege Noreg

Førre veke var kraftproduksjonen i det sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) rekordhøg for årstida. Mykje nedbør og tilsig gjorde at vasskraftprodusentane oppretthald høg produksjon for å ta unna vatn. Med rekordhøg produksjon og normalt forbruk for årstida, var det tilnærma full eksport på alle forbindingar frå sørlege Noreg, noko som ga ny rekord på samla nettoeksport frå sørlege Noreg.

I Nord-Europa var det låg vindkraftproduksjon førre veke. Behov for meir termisk produksjon bidrog til  prisauke i heile Nord-Europa. I Finland auka kraftprisen med om lag 130 prosent frå veka før, og på starten av veka var det timar med kraftpris rundt 600 øre/kWh. Lågare kjernekraftkapasitet, lite vindkraftproduksjon og redusert importkapasitet frå Sverige grunna vedlikehaldsarbeid, var årsaker til dei høge kraftprisane.

Prisskilnaden mellom dei norske prisområda auka ytterlegare førre veke. Sørvest-Noreg (NO2) hadde ein vekepris på 92 øre/kWh, medan dei andre prisområda låg på 20-22 øre/kWh. Med unntak av Sørvest-Noreg hadde Noreg dei lågaste vekeprisane i Europa.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 34 2023

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Ingrid Ueland
Epost: inguel@nve.no