Publisert 26.07.2023

Kraftsituasjonen veke 29, 2023

Søraust- og Vest-Noreg hadde dei lågaste vekeprisane i Nord-Europa

Søraust-Noreg (NO1) og Vest-Noreg (NO5) hadde dei lågaste vekeprisane i Nord-Europa med 18 øre/kWh i førre veke. Ein må tilbake til 2020 for å finne ei veke med like låg kraftpris i disse områda.  Magasinfyllinga i sørlege Noreg er nå over medianen, og det har falt mykje nedbør i sør. Når det kjem mykje nedbør, og det i tillegg er forventa meir nedbør framover, bidrar det til at fleire vasskraftprodusentar ønsker å produsere for å redusere risikoen for at magasina renn over. I ein slik situasjon vil vatnet bli mindre verd. Saman med avgrensningar i nettet, både frå Vest- og Søraust-Noreg til Sørvest-Noreg (NO2), og frå Søraust-Noreg til Sverige, bidrog dette til at kraftprisane i Søraust- og Vest-Noreg ble lågare enn i resten av landet. 

Vekeprisen i Sørvest-Noreg var 61 øre/kWh, og prisdifferansen mellom områda i sørlege Noreg auka i veka som gjekk. Mykje overføringskapasitet til kontinentet, og forventingar om høgt prisnivå i Europa framover, kan bidra til at vasskraftprodusentane set ein høgare verdi på vatnet her.

Kraftproduksjonen i sørlege Noreg auka førre veke. Ein periode med mykje nedbør bidrog til dette. I førre veke bidrog høg uregulerbar vasskraftproduksjon til den høgaste vekesproduksjonen i Søraust-Noreg dei siste 10 åra. Søraust-Noreg har mykje lågare forbruk om sommaren enn om vinteren, men i år har forbruket vore lågt, også for årstida. Søraust-Noreg har difor dei siste vekene gått frå å vere i nettoimport til å vere i nettoeksport.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 29 2023 (PDF)

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 29 var fyllingsgraden i magasina i Noreg på 73,2 prosent. Gjennom veka  auka magasinfyllinga med 2,3 prosenteiningar.

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer om til dømes snø, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Mathias Nipen
Epost: jmtn@nve.no