Publisert 28.06.2023

Kraftsituasjonen veke 25, 2023

Lite nedbør og svakare ressurssituasjon

Varmt vêr med svært lite nedbør i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) dei siste fire vekene har ført til at den hydrologiske balansen har svekka seg i same periode. Det er no eit hydrologisk underskott på -5,7 TWh i dette området. Samstundes har tilsiget vore høgt grunna snøsmelting. Fyllingsgraden til magasina i sørlege Noreg ligg nært normalen og nesten 17 prosenteiningar høgare enn på same tidspunkt i fjor. Mesteparten av snøen har no smelta og tilsiget i vekene framover er meir bestemt av nedbør. I veke 26 er det venta 1,5 TWh med nedbør som er 170 % av gjennomsnittet. Midt- og Nord-Noreg har no eit hydrologisk underskott på høvesvis -2,4 TWh og -1,9 TWh.

Høgare gassprisar og dyrare straumprisar på kontinentet bidrog til ein auke i nettoeksport frå NO2. Det var det einaste området med ein auke straumpris i veke 25.  Snittprisen i Sørvest-Noreg var 113 øre/kWh. NO1 og NO5 hadde ein nedgang med ein snittpris på 78,5 øre/kWh. NO3 og NO4 hadde høvesvis 23,3 øre/kWh og 22,3 øre/kWh.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 25, 2023 (PDF)

I veke 25 var temperaturen 4 – 5 grader over vekegjennomsnittet for dei siste 20 åra i heile Noreg. For veke 26 er det venta temperaturar som er omkring 2 – 3 grader over vekegjennomsnittet i Sør-Noreg og 4 – 6 grader over snittet i Nord-Noreg.

For veke 25 er berekna tilsig 7,1 TWh, som er 125 prosent av vekegjennomsnittet. I veke 26 er det venta eit tilsig på 4,5 TWh, eller om lag 90 prosent av gjennomsnittet for veka.

Les meir om om vassmagasinstatistikken her

Kontaktperson

Mathias Nipen
Epost:jmtn@nve.no