Publisert 08.05.2024

Kraftsituasjonen veke 18, 2024

Høge temperaturar, lågt forbruk og lågare prisar

Det var varmt for årstida i Norden førre veke, og varmare enn veka før. Saman med at 1.mai var ein fridag, bidrog dette til lågare kraftforbruk enn veka før. Auka temperatur bidrog til auka snøsmelting og høgare uregulerbar vasskraftproduksjon i Noreg og Sverige. Snøsmeltinga gav også ein auke i fyllingsgrada i store delar av landet. Desse faktorane bidrog til lågare kraftpris enn veka før og auka insentiv for vasskraftprodusentar med magasin til å spare på vatnet. Dette var spesielt tydeleg i Vest-Noreg (NO5), som hadde den lågaste kraftproduksjonen blant alle prisområda, og den lågaste kraftproduksjonen så langt i år.

Tidvis mykje  fornybar kraftproduksjon bidrog til stor variasjon i dei kontinentale kraftprisane førre veke. Til dømes hadde Nederland 1. mai ein kraftpris på -236 øre/kWh kl. 14:00, samstundes som kraftprisen var 154 øre/kWh kl. 20:00.

Magasinfyllinga i Nord-Noreg (NO4) fall med 0,7 prosentpoeng til 20,8 prosent førre veke. Dette er 15,7 prosenteininga lågare enn historisk median og er på det lågaste nivået dei siste 20 åra. Lite  tilsig gjennom 2023 og vinteren er mellom anna årsaka til den relativt låge magasinfyllinga. Sidan Nord-Noreg er eit prisområde med høgt kraftoverskot og mykje vindkraftkapasitet installert i omkringliggande prisområda, vurderer  vi ikkje ressurssituasjonen i Nord-Noreg som utfordrande.  

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 18 2024.

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Mathias Nipen

Epost: jmtn@nve.no