Publisert 10.01.2024 , sist oppdatert 17.01.2024

Kraftsituasjonen veke 1, 2024

Kaldt vêr bidrog til høgare forbruk og kraftprisar i Norden

Førre veke var Norden prega av veldig låge temperaturar, spesielt mot slutten av veka. Fredagen hadde fleire område i Søraust-Noreg (NO1) den kaldaste dagen sidan 1987. Dette bidrog til det høgaste dagsforbruket i Noreg sidan februar 2021. Fleire områdar i Finland og Nord-Sverige (SE1 og SE2) hadde temperaturar under -30 gradar, som bidrog til høg etterspurnad og høge prisar. Sjølv om Finland hadde full kjernekraftproduksjon, og mykje kol- , gass- og vindkraftproduksjon, var dei avhengig av å importere kraft frå Sverige og Estland for å dekke etterspurnaden.  

Mellom Sørvest-Noreg (NO2) og Vest-Noreg (NO5) var det ingen handel av kraft  i spot-marknaden i veke 1. I følgje Statnett kjem dette av ugunstige lastforhold på vestkysten av Noreg. Same forklaring vart også nytta for å redusere importkapasiteten frå England. 

Dei låge temperaturane bidrog til særs høge prisar i Noreg. På fredag kl. 17 hadde Søraust-, Vest- og Midt-Noreg (NO1, NO5 og NO3) ein kraftpris på 593 øre/kWh.  Grunna avgrensingar i overføringskapasiteten hadde Sørvest-Noreg og Nord-Noreg (NO2 og NO4) ein timepris på høvesvis 118 og 67 øre/kWh på same tidpunkt, noko som var dei lågaste prisene i Nord-Europa. Trass i låge temperaturar vart det ikkje ny effektrekord i Noreg. Høgaste forbruket en enkeltime vart 24 930 MWh, 300 MWh lågare enn rekorden 25 230 MWh. 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 1 2024.

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Mathias Nipen
Epost: jmtn@nve.no