Publisert 21.03.2023 , sist oppdatert 31.01.2024

Her finn du tidlegare arbeid og publikasjonar

Oversikt over kva faresonekart som er tilgjengelig for Voss fins her.

Føremålet var å sjå på kva for tiltak som kan redusera omfanget av flaumskadar under større flaumhendingar. Multiconsult as vart engasjert for oppdraget.

Rapporten tek for seg moglege tiltak for å redusera flaumskadar i Vossavassdraget. Tiltaka er skisserte og kostnadsrekna. Det er også vurdert kva verknad dei vil ha på framtidige flaumskadar, og kva for konsekvensar dei vil ha for miljø og samfunn. Rapporten gjev difor ein brei gjennomgang av mogelege tiltak, som grunnlag for å avgjere kva tiltak det er aktuelt og realistisk å arbeida vidare med.

Rapporten fokuserer på dei store flaumane, med tidsforløp liknande det ein såg i 2014. Det var då stor nedbør som varde i fleire dagar over heile nedbørfeltet. Dette ga både store flaumtoppar og store flaumvolum. Tiltak som er eigna til å redusere små, lokale flaumtoppar, slik som auka demping i eksisterande innsjøar eller restaurering av våtmark, har liten effekt på store flaumar i hovudvassdraget. For å redusere ein flaum med 200-års gjentaksintervall og eit 40 prosent klimapåslag til en storleik der det ikkje vert skadar langs vassdraget, trengs det tiltak med store dimensjonar som kontrollerar større delar av nedbørfeltet.

Tiltaka som det er brukt mest tid på i rapporten er difor flaumtunnelar som overfører vatn, entan ut av vassdraget, eller forbi kritiske punkt, i tillegg til lokalsikring i form av flaumvollar og –murar.

Tiltak som går på å redusere flaumstorleiken, enten gjennom å dempa flaumen eller ved å føra den ut av vassdraget, har den føremona at dei reduserar flaumskadane langs heile vassdraget nedstraums tiltaket. Lokal sikring, som flaumvollar, vernar berre dei områda dei er bygde for.

Totalt vart 19 tiltak opplista, der 12 av desse vart vurdert nærmare teknisk, økonomisk og miljømessig. Det vart i samråd med Voss herad konkludert med at ein skulle gå vidare med arbeidet i eit forprosjekt som skulle ta for seg nokre av dei tiltaka som her var vurdert.

Voss herad har stort fokus på naturfare i heradet. Dei har i 2018-2019 fått utarbeidd ein rapport (LENKE) kring kritiske punkt i bratte bekkar og elvar. Det er her funne mange kritiske punkt som kan føre til skadar om dei går tett. Saman med bratt terreng og store asfaltflater gjev dette rask avrenning og aukande fare for flaumskadar. Totalt er det i dette prosjektet kartlagt 18 bekkar og 79 kritiske punkt. 

For å møte behov for lokal varsling har NVE starta opp eit 4-årig pilotprosjekt (2022-2025) – FlomRisk – der vi skal teste ut lokal, risikobasert varsling av flaum. Målet er gi kommunane eit betre beslutningsgrunnlagt for flaumberedskap, ved å sette søkelys på risiko – altså områda der ein flaum vil ha konsekvensar i kommunane. Dette skal vi gjere gjennom kartlegging av kritiske punkt, fleire målepunkt og eit eige dashboard som kommunane kan nytte til å følje utviklinga av flaumsituasjonen i sanntid.

Forprosjektet bygger på mulighetsstudiet. Målestasjonar er etablert, grunnlagsdata er samla inn og fleire tema er vurdert i arbeidet:

  • Hydrologi; Etablering av målestasjonar ved Evangervatn, Lønavatn og Raundalselvi
  • Laserscanna botntopografi
  • Modelloppsett HecRas og RiverFlow 2D
  • Vannlinjenotat og flaumsonekart
  • Ingeniørgeologi og hydrauliske simuleringar av tunnelalternativ
  • Hydrogeologi og geoteknikk
  • Konstruksjon og veg
  • Kulturminner, landskap og miljø
  • Silingsrapport og forprosjektrapport

For å kunne vurdere meir grannsemd kva tiltak som vil få ynskjeleg effekt, vart det etablert hydrauliske modellar i både 1 og 2d. Basert på desse vart det rekna på 54 ulike tunnelløysingar (lenke til stilingsrapporten), der ein til sluttleveranse valde eitt alternativ med tunnel i vassdraget og eitt alternativ der tunnelar førte vatn ut av vassdraget, som vil gi flaumsikring på Vangen og Evanger (forprosjekt). Tiltaka vart kostnadsrekna og det vart gjennomført ei nyttevurdering (Multiconsult).

Heile rapporten frå forprosjektet finn du på sida her 

Det var bora 8 nye grunnvassbrønnar i 2023, samt gjort geotekniske grunnundersøkingar. Rapporten finn du her.

Ynskjer du lese fleire publikasjonar for Voss, søk på Voss i NVE sitt publikasjonsbibliotek her 

 

 

 

 

Vangsvatnet ved Rekve på Bulken november 2022. Foto: Sveinung Klyve
Vangsvatnet ved Rekve på Bulken november 2022. Foto: Sveinung Klyve