Publisert 20.04.2023 , sist oppdatert 07.07.2023

Hydrologi

Vossovassdraget er det største vassdraget i Hordaland. Vassdraget strekk seg frå ca. 1600 moh ned til havet. Nedbørfeltarealet er rundt 1500 km² ved utløpet til Bolstadfjorden.

 

Xx (2)

I forprosjektet er Vossovassdraget sin hydrologi skildra:

Dei mest sentrale innsjøane i vassdraget er Lønavatnet, Vangsvatnet og Evangervatnet. Ved innløpet til Vangsvatnet ligg  tettstaden Voss. Størsteparten av tilsiget til Vangsvatnet kjem frå tre markerte sideelvar:

  1. Frå nord kjem Strandaelvi som har sitt utspring på Vikafjellet. Elva renn gjennom fleire innsjøar som ligg relativt langt nede i delfeltet, dette verkar flaumdempande.
  2. Raundalselvi drenerar dei austlege områda. Fråvær av dempande innsjøar i dei nedre delane av elva gjer at det er lite flaumdemping og elva reagerer raskt når det kjem
    nedbør. NVE sin målestasjon VM 62.15.0 Kinne ligg i Raundalselvi, eit lite stykke oppstraums samanløpet med Strandaelvi og er difor representativ for
    nedbørfeltet til Raundalselvi og har 36 år med data (1983 – 2019).
  3. Bordalselvi (ein del av lokalfelt Bulken) drenerar dei sørlege fjellområda frå Hardangerfjorden. Her der det òg lite flaumdemping langs elva.

Etter samanløpet av Strandaelvi og Raundalselvi kallast elva Vosso og den har ei lengde på rundt 1 km før den renn ut i Vangsvatnet.
NVE målestasjon 62.5 Bulken ligger ved nedstraums ende av Vangsvatnet og har 128 år med data (1892 – 2019). Denne dataserien er eit sentralt grunnlag for den utførte
hydrologiske vurderinga. 

Frå Vangsvatnet renn Vosso til Evangervatnet (ca. 10 km) og ut i Bolstadfjorden (3,5 km). I samband med Evanger kraftverk er det nokre reguleringar og tilleggsoverføringar til vassdraget, men effekten av desse er små sett mot store flaumar. Oppstraums Evangervatnet har Vossovassdraget ingen reguleringsmagasin.

Vossovassdraget har normalt sett ein nedbørgradient frå vest til aust, med mest nedbør i vest og minst i aust. Dette er normalt langs den norske kysten der orografisk løft (luft vert pressa opp av fjella) av fuktig luft frå havet er avgjerande for nedbørsmengda. Det betyr likevel ikkje at flaumene alltid er størst nærast kysten. Det kan førekome ekstreme nedbørhendingar lengre inn i landet basert på konvektivt løft (varm luft som stig opp). Dette fenomenet kan føre til store lokale flaumer. I tillegg styrast flaumstorleik av andre tilhøve som demping langs vassdraget eller snø i feltet i kombinasjon med høge temperaturar.

Målestasjon 62.5 Bulken vart oppretta i 1892. Det er først frå 1995 at det finst data med fin tidsoppløysning frå Bulken, før det er vasstander avlest ein gong pr. døgn – det er då antatt at dei representerar døgnmidler. Ein «artig» sak er at maksimalt døgnmiddel i 2022 er litt høgare enn i 2014, men kulminasjonen vart heldigvis noko lågare i 2022 enn i 2014. 

Figuren nedanfor syner årleg maksimal vasstand i Vangsvatnet (Bulken) frå 1892 - 2022. Lilla søyle viser høg vasstand i 1983, denne skuldast mennesklege inngrep (dumping av masser i utløpet av vatnet i samband med vegarbeid). Åra 1992 - 2022 er markert med lysare blå grunna seinking av terskel i 90/91 ved utløpet av Vangsvatnet.

Årleg maksimal vasstand Vangsvatnet (Bulken) frå 1892 - 2022.
Årleg maksimal vasstand Vangsvatnet (Bulken) frå 1892 - 2022.

Figuren nedanfor syner årleg maksimal vassføring ved Vangsvatnet (Bulken) frå 1892 - 2022. Som forrige bilete er lys farge målingar etter seinking av terskel. Her det skilt mellom døgnmiddel- (lysblå) og kulminasjon (mellomblå).

Årleg maksimal vassføring Vangsvatnet (Bulken) frå 1892 - 2022. Som forrige bilete er lys farge målingar etter senking av terskel.
Årleg maksimal vassføring Vangsvatnet (Bulken) frå 1892 - 2022. Som forrige bilete er lys farge målingar etter senking av terskel.

Ulike flaumar kan utarte seg ulikt i vassdraget. Figuren viser døme frå tre flaumhendingar ved Bulken. Flaumen i 2014 bygde seg opp over fleire timar, medan flaumane i 2005 og 2022 var hurtige, med betydeleg mindre volum totalt sett.

Vasstand ved Bulken ved flaumane i 2005, 2014 og 2022.
Vasstand ved Bulken ved flaumane i 2005, 2014 og 2022.

Kva betyr eit klima i endring?

NVE har gjort ein analyse for å sjå om flaumen i 2022 endrar vesentleg på tidligere utrekna 200-årsflaum om denne vert inkludert i analysematerialet. Utrekningane viser små endringar – årsaka til det er at historiske data (flaumar tilbake til 1600-talet) vart teke omsyn til også ved utrekningane i 2015.  

Det er stor uvisse knytt til utviklinga av flaumstorleik i åra som kjem. Ulike modellar gir auke frå under 20 % til over 80 % for Vosso fram mot år 2100. NVE har vald å leggje 40 % auke til grunn for Vossovassdraget.

Historiske data frå Vangsvatnet tilseier at det i løpet av dei drygt siste 400 åra berre var flaumvassføringa i 1604 som var større enn flaumane i 2014 og 2022. Det er difor ikkje urimeleg å omtale flaumane i 2014 og 2022 om omlag 200-årsflaumar, medan flaumen på starten av 1600-talet var i storleiksorden ein 500-årsflaum (gjeve klima i dag). 

Dei siste åra er ein "god", men alvorleg illustrasjon!, på kva klimaframskrivingane tyder på vert dei meir normale flaumnivåa mot slutten av århundret vårt.