Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Varedeklarasjon 2009

01.04.2010 | 13:35

Nedanfor viser vi varedeklarasjonen for elektrisitet i 2009. Her er det korrigert både for netto eksport av opphavsgarantiar og opphavsgarantiar som er nytta ved sal til norske kundar.

 
Illustrasjon - forbruk i Noreg fordelt på energikjelder og brutto import.
Norsk forbruksmiks i 2009(2) for kundar som ikkje kjøpar opphavsgarantert kraft, sjå forklaringar i teksten nedanfor.

Forbrukarar som ikkje kjøper kraft som er opphavsgarantert vil ha ein slik forbruksmiks. For ein kunde som berre delvis nyttar opphavsgarantert kraft, vil resten av forbruket ha denne samansetninga.

Den store reduksjonen i forbruk av fornybar kraft skuldast auka i eksporterte opphavsgarantier og redusert norsk produksjon samanlikna med 2008.

I 2009 vart 23,7 TWh av opphavsgarantiane nytta ved sal til norske kundar, om lag det same som i 2008 Desse er trekt i frå mengda vasskraft og vindkraft som inngår i forbruksmiksen.

Kjelda ”ukjend” er kraftmengde svarande til netto eksporterte opphavsgarantiar, sjå lenke til venstre. Eksport av opphavsgarantiar kan ein sjå som at den fornybare eigenskapen ved den produserte krafta er eksportert. 

CO2-utslepp knytt til produksjonsmiksen

CO2-utslepp frå forbruksmiksen vil i all hovudsak vere knytt til import, kjelda merka ”ukjend” og produksjon av varmekraft. Gjennom kraftvolumet merka ”ukjend” tek ein omsyn til at opphavsgarantiar for ein del av krafta frå fornybare energikjelder er eksportert, sjå under lenka ”Importerte og eksporterte opphavsgarantiar”.

Tyskland, Sverige, Belgia og Nederland var dei største mottakarlanda for eksporterte opphavsgarantiar i 2009. Dei eksporterte opphavsgarantiane vert ikkje nødvendigvis innløyst i det landet dei er eksportert til, men kan eksporterast vidare. NVE har difor vald å sjå på ein europeisk produksjonssamansetning for informasjon om CO2-utslepp (EU-25 i 2005).

For ein kunde som ikkje kjøper opphavsgarantert kraft kjem 47,3 % av forbruket frå fornybare energikjelder, og medfører ikkje CO2-utslepp.

I overkant av 4,2 TWh, noko som svarar til 4,2 % av forbruket, kjem frå norsk varmekraft. Rundt 0,5 TWh av forbruket kjem frå norske varmekraftanlegg som brukar bio-brensel og er rekna som CO2-nøytrale. Det resterande forbruket av varmekraft kjem i all hovudsak frå gasskraftverk kor utslippa av CO2 er 350 g/KWh ved ein virkningsgrad på 58%. (Om lag 0,5 TWh eller 0,5 % kjem frå øvrige varmekraftverk som nyttar olje m.m) 

For ein kunde som ikkje kjøper opphavsgarantert kraft, kan ein på grunn av eksport av opphavsgarantiar og import av kraft sjå det som at 48,5 % av forbruket svarar til ein europeisk produksjonssamansetning. CO2-utslepp knytt til dette forbruket er berekna til 400 g/kWh. (EU-25 i 2005. Kilde: Eurelectric-rapporten ”Environmental Statistics of the Electricity Industry2005-2006” (eurelectric.org)

Gjennomsnittlig forbruksmiks frå norske leverandører

Figuren nedanfor syner den nasjonale forbruksmiksen for det samla forbruket i Noreg. Ved denne utrekninga er opphavsgarantiar som er nytta til sal av kraft til norske kundar ikkje trekt ifrå.

 

Figur 2: Figuren visar gjennomsnittleg forbruksmiks i Noreg

Importerte og eksporterte opphavsgarantier

Når mengda vasskraft og vindkraft i forbruksmiksen er utrekna er opphavsgarantiar innløyst i Noreg og eksporterte opphavsgarantiar trekt i frå.

Eksporterte opphavsgarantiar utgjorde i overkant av 58,9 TWh i 2009. Av desse vert 19,4 TWh eksportert til Tyskland, om lag 17 TWh til Sverige, 6,1 TWh til Belgia og om lag 5,5 TWh til Nederland. Det vart importert opphavsgarantiar for vind, vatn og biobasert kraftproduksjon på til saman om lag 2 TWh til Noreg i 2009. Netto eksport av opphavsgarantiar utgjorde dermed om lag 57 TWh.

For å kome fram til kjelda ”ukjend”, som svarar til netto eksporterte opphavsgarantiar, korrigerar ein for eksport av fornybar kraft. Ein går ut i frå at norsk krafteksport tilsvarar produksjonsmiksen i Noreg, og eksport av fornybar kraft var då på 14,1 TWh i 2009. Kjelda merka ”ukjend” utgjer 42,9 TWh, og er netto eksporterte opphavsgarantiar svarande til 57 TWh, fråtrekt 14,1 TWh. Kjelda er merka ”ukjend”, då det ikkje er mogeleg å nøyaktig definere kjelda.

Det er ulike produksjonskjelder i dei landa opphavsgarantiane vert eksportert til.  Produksjonskjelde i Tyskland og Belgia er hovudsakleg varmekraft(3) . Meir informasjon om kraftproduksjonen i Nederland og Sverige ligg under lenka ”Import og eksport av kraft”. Dei eksporterte opphavsgarantiane vert ikkje nødvendigvis innløyst i det landet dei er eksportert til, men kan eksporterast vidare.

Fysisk forbruk i Noreg

Totalt norsk forbruk og overføringstap i nettet utgjorde 123,8 TWh i 2009. Brutto import utgjorde 5,7 TWh av forbruket.

Figur 3: Fysisk forbruk i Noreg fordelt på produksjonskjelder

Produksjon

Total kraftproduksjon i Noreg var på 132,8 TWh i 2009. Noreg var nettoeksportør i 2009; og vi eksporterte 14,6 TWh av den norske produksjonen medan vi importerte 5,7 TWh.

Av den norske produksjonen i 2009 vil 128 TWh ha rett på opphavsgarantiar for fornybar kraft. Dette svarar til 96,4 % av samla produksjon.

Figur 4: Produksjon i Noreg fordelt på energikjelder 

Vasskraft

Totalt utgjer vasskraft 95,7 % (127,1 TWh) av den norske kraftproduksjonen i 2009. Noreg har om lag 1200 kraftverk, med installert effekt på i alt 29 600 MW (2009). Til saman utgjer dei ti største vasskraftverka om lag ein firedel av produksjonskapasiteten.

Vasskraft er ei rein form for energiproduksjon som ikkje gjev utslepp av klimagassar eller partiklar. Samstundes medfører utbygging av vasskraft inngrep i naturen, gjennom bruk av areal og regulering av vatn. I tillegg kjem det gjerne anleggsvegar, masseuttak, steintippar og liknande i tilknyting til produksjonsanlegget.

Aktivitetane i tilknyting til utbygging og produksjon kan også påverke dyr og planter kring vassdraga på ulike måtar. Endring i vassføring kan påverke fiskebestandar og andre ferskvassorganismar.

Slike miljøulemper, både landskapsestetiske og endringar i biologisk mangfald, er hovudårsaka til at mange vassdrag er verna mot kraftutbygging. Slike verdiar vert vurderte i konsesjonsprosessen. Konsesjonssøknadar kan verte avslegne på grunn av miljøomsyn.                                                     

Vasskraftverk med magasin vil kunne lagre vatn og produsere elektrisitet når det er trong for det. Kraftverk utan magasin må produsere når vatnet er tilgjengeleg. Små vasskraftverk er kraftverk med installert effekt opp til 10 MW. Tradisjonelt har små vasskraftverk inga regulering av vassdraget.

Vindkraft

Vindkraft utgjorde i 2009 0,7 % (om lag 1 TWh) av den norske kraftproduksjonen. Installert kapasitet for vindkraft er ca. 431 MW (2009).

Vindkraft er ei fornybar energikjelde som ikkje gjev forureinande utslepp i form av klimagassar eller partiklar. Men utbygging kan føre til endringar i arealbruken og miljøverknadar av inngrep.

Slike miljøverknader kan mellom anna vere knytt til visuelle effektar, landskapsendringar, dyre- og fugleliv. For å utnytte vindressursane best blir gjerne vindturbinane plassert på høgdedrag noko som gjer dei meir synlege i landskapet.
                                                                                                                Også vindkraft krev konsesjonshandsaming. I tillegg til ei vurdering av sjølve prosjektet, ser ein mellom anna på om vindkraftanlegget og tilhøyrande infrastruktur kjem i konflikt med andre næringsinteresser, til dømes turisme, reindrift og andre omsyn.

Konsesjon vert gjeve for 25 år om gongen og inngrepa er langt på veg reversible. Dersom miljøverknadane er store kan det redusere mogelegheita for at vindparken får konsesjon eller det kan stillast krav om avbøtande tiltak for å redusere negative konsekvensar av utbygginga.

Varmekraft

3,6 % (4,7 TWh) av den norske kraftproduksjonen kjem frå varmekraft. Auka på 3,5 TWh frå 1,2 TWh i 2009 kjem frå gasskraftverka Kårstø og Melkøya.

I eit varmekraftverk vert fossile brensler, som kol, olje og gass, bio-brensel eller avfall omdanna til elektrisk energi. Eit kjernekraftverk er også eit varmekraftverk. Rundt 0,6 TWh av den norske varmekraftproduksjonen kjem frå varmekraftanlegg som brukar bio-brensel.

Produksjonen av varmekraft i Noreg kjem i hovudsak frå industriprosessar, mest treforedling, der det vert avgjeve varme som kan nyttast til kraftproduksjon. Varmekraftanlegg i Noreg har liten installert kapasitet og er som oftast lokalisert til, og eigd av, større industribedrifter som sjølv treng elektrisiteten som vert produsert. Også i fjernvarmeanlegg kan ein del av varmen gå til kraftproduksjon, såkalla kogenerering.
                                                                                                                Utslepp av klimagassar og partiklar frå varmekraftanlegg er sterkt knytt til kva type brensel som vert brukt og alderen på anlegga. Til dømes vert varmekraftanlegg som brukar bio-brensel rekna som CO2-nøytrale sidan dei nyttar fornybart brensel, men dei kan ha ein del utslepp i form av støv, Volatile organic Compounds (VOC) og NOX.

Utslipp frå eit gasskraftverk av kombikrafttypen er på 350 g/KWh ved ein virkningsgrad på 58%.

Import og eksport

Noreg har i dag overføringskapasitet til nabolanda våre samt Nederland. Denne vert brukt til import og eksport av kraft. I år med mykje nedbør og stort tilsig kan eksporten vere større enn importen. I 2009 var Noreg nettoeksportør; 11 % (14,6 TWh) av den norske produksjonen vart eksportert medan 4,6 % (5,7 TWh) av det norske forbruket var import.

Noreg har i dag overføringskapasitet til nabolanda våre samt Nederland. Denne vert brukt til import og eksport av kraft. I år med mykje nedbør og stort tilsig kan eksporten vere større enn importen. I 2009 var Noreg nettoeksportør; 11 % (14,6 TWh) av den norske produksjonen vart eksportert medan 4,6 % (5,7 TWh) av det norske forbruket var import.

Vi har valt å vise storleiken på import som ein eigen del av det norske forbruket, ikkje fordelt på kva typar energikjelder den importerte krafta kjem frå. Importen i denne samanheng er brutto import. Sektordiagrammet nedanfor viser kva land vi importerer frå. Heile 46 % av importen kjem frå Sverige, medan 26 % kjem frå Danmark, 21,9 % frå Nederland, 3,9 % frå Russland og 2,2 % frå Finland. Ein del av importen kjem indirekte frå andre land, til dømes frå Tyskland gjennom Sverige eller Danmark.

Kva type kraft vi importerer heng saman med kva land vi importerer frå, om desse landa også importerer frå andre land og kva tid på døgnet det er vi importerer. Ofte er det slik at Noreg eksporterer kraft på dagtid, medan vi importerer om natta. Bakgrunnen for dette er at norske vasskraftanlegg med magasin er godt egna og billegast å regulere opp og ned etter som forbruket varierer. Den termiske krafta er dyr å regulere, så det løner seg difor å ha jamn produksjon over døgnet.

Produksjonssamansetninga i dei landa vi importerer frå gjev difor berre eit bilete på kva energikjelder vi importerer frå. Figuren nedanfor viser kva energikjelder produksjonen i nabolanda våre kjem frå. For Sverige, Danmark og Finland er produksjonssamansetninga basert på installert kapasitet i 2008. Den direkte importen frå Russland kjem frå eit spesifikt vasskraftanlegg. 

4. Dersom ein skal finne ei etterretteleg fordeling av kva energikjelder importen kjem frå må ein gå inn og sjå detaljert på kvart enkelt time, kva land importen kjem frå og korleis produksjonssamansetninga i det landet var akkurat i den timen vi importerte

5. Kjelde www.entsoe.eu

6. Kjelde http://www.entsoe.eu/fileadmin/user_upload/_library/publications/ce/Statistical_Yearbook_2008.pdf