Publisert 24.04.2019

Løyve til å legge ned ti damanlegg på Romerike i Akershus

NVE gjev Nedre Romerike Vannverk AS løyve til å legge ned ti damanlegg som demmer opp magasina Holnippeldammen, Lunderåsdammen, Lundertjernet, Bæreggtjernet, Tientjern, Senneruddammen, Abbortjern, Østbyputten, Åmodtdammen og Ramstadsjøen.

Sakene utgjer «dampakke Romerike», og har vorte handsama samla av NVE.

Nedlegging av vassdragsanlegg vert handsama etter §§ 8 og 41 i vassressurslova. I § 41 vert det sagt at løyve til nedlegging skal gjevast så framt ikkje særlege grunnar talar imot. Særlege grunnar er nemnt i forarbeida til vassressurslova og er freding etter kulturminnelova og vern etter naturmangfaldlova. NVE har ikkje funne særlege grunnar for å nekte nedlegging av dei ti damanlegga, og gjev dermed løyve.

NVE har mellom anna sett vilkår om at magasina skal tappast ned tilstrekkeleg langsamt, maksimal bredde på vegar og krav til opprydding. I utgangspunktet planla Nedre Romerike Vannverk AS å deponere massar frå damanlegga i terrenget eller i magasinet ved aktuell dam/innsjø. NVE har sett vilkår om at eventuelle deponi må avklarast med Fylkesmannen i Oslo og Viken, etter forureiningslova og, for dei damanlegga som ligg i marka, markalova.

Les meir om

Holnippeldammen 

Lunderåsdammen 

Lundertjernet 

Bæreggtjernet 

Tientjern 

Senneruddammen 

Abbortjern 

Østbyputten 

Åmodtdammen 

Ramstadsjøen 

Kontaktpersonar

Seksjonssjef Gry Berg, tlf: 22959220 / 41293086

Sakshandsamar Anne Johanne Rognstad, tlf: 22959445

Sakshandsamar Arnljot Einride Strømseng, tlf: 22959757

Sakshandsamar Eline Nordseth Berg, tlf: 22959210