Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Konsesjonssaker på høyring

17.02.2009 | 15:03

Ein oversikt over saker til høyring, handsaming og tidlegare gjeve eller avslåtte søknader finn du nå i tabellar i venstre meny. Ei rettleiing for ditt søk finn du i høgre meny.

Konsesjonssaker
Høyring, handsaming og tidlegare gjeve eller avslåtte søknader

 

Konsesjonshandsaminga
NVE handsamar meldingar og søknader om konsesjon etter vannressurslova, vassdragsreguleringslova, energilova og industrikonsesjonslova. Søknadene gjeld bygging av vasskraft og andre anlegg i vassdraga, større kraftleidningar, vindkraft, fjernvarme og andre energianlegg. Handsaminga omfattar mellom anna høyring av meldingane og søknadene, offentlege møter og møter med lokale og regionale myndigheiter. Gjennom prosessen skal NVE sikre at det er gjort greie for alle sider ved saka slik at det kan fattast eit vedtak der fordeler og ulemper er vekta opp mot kvarandre.

Elektronisk handsaming
Nye meldingar og søknader leggast ut elektronisk på våre nettsider. Foreløpig sender vi høyringsbreva med ordinær post. Det er mogeleg å sende høyringsuttale til saka direkte frå sida om saka. For å finne saka i tabellen, se "Veiledning for tabeller" i høyre meny.

Når høyringsperioden er over, forsvinn saka frå høyringslista. Det vil ta tid før NVE er ferdig med handsaminga av ei sak. Ho kan difor framleis vere under handsaming sjølv om ho ikkje er nemnt på høyringslista.

Plan- og bygningslov
Ny plan- og bygningslov tredde i kraft 1. juli 2009. Her kan du lese meir om hovedendringane for energianlegg.


    Relatert informasjon

    Hent tabeller i venstre meny
    Se også konsesjonsnyheter