Publisert 03.01.2024

NVEs tilsynsaktvitet

NVE er eit statleg kontrollorgan innanfor vassdrags- og energiforvaltninga på 14 ulike områder

Kontrollerbare krav

Det må eksistere kontrollerbare krav i regelverk eller i vedtak for at tilsyn kan gjennomførast. NVE er oppteken av at avdekte avvik skal følgast opp med føremålstenlege reaksjonar og bruker ulike formelle reaksjonar ved alvorlege brot på dei krav som gjeld. 

Tilsyn er ein viktig del av den totale reguleringa av vassdrags- og energisektoren, og utfyller dei andre verkemidla NVE har. NVE bruker både direkte regulering, gjennom spesifikke regelverkskrav, og insentivregulering gjennom mål og indirekte verkemiddel. Tilsyn har som føremål å kontrollere at krava som er sett blir etterlevd og at dei fungerer etter sitt føremål. 

Gebyrfinansiert tilsyn

Mykje av NVEs tilsyn er gebyrfinansiert. Dette gjeld tilsyn for beredskap, damsikkerheit, elsertifikat, fjernvarme, miljø, utanlandskablar, vedlikehald og modernisering. For enkelte av ordningane er det laga eigne berekningsreglar som viser kva slags faktorar som skal leggast til grunn for utrekning av tilsynsgebyra. Kostnadar knytta til tilsyn og kontroll av vassdrag, energianlegg og fjernvarme​ dekkast gjennom sektoravgift

Samarbeid med andre tilsynsorgan

NVE har eit aktivt samarbeid med andre tilsynsorgan i Noreg og internasjonalt. NVE og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har etablert eit felles tilsynsforum for å oppnå ei meir koordinert tilsynsverksemd med nettselskap.

NVE deltek også i Nasjonalt miljøforum som består av representantar frå Økokrim, Riksadvokaten og ulike tilsynsorgan, og har fokus på bruk av reaksjonar ved brot på miljølovgjevinga.