Neptun Settefisk AS avdeling Røyklibotn - Vannuttak, reguleringer og fiskesperre i Auretjørnelva

Registreringsnummer
5349
Saksnummer
200805206
Overordnet sakstype
Andre inngrep
Sakstype
Vannuttak
Formål
Akvakultur
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
NEPTUN SALMO AS
Fylke
Trøndelag
Kommune
Namsos
Vassdragsområde
140.511Z

NVE gir Neptun Settefisk AS løyve til auka vassuttak og regulering av Ausvatnet og Sommerhustjønna i Auretjørnelva i Namsos kommune, Nord-Trøndelag.

Neptun Settefisk AS får løyve til auka vassuttak frå Auretjørnelva til settefiskanlegget i Røyklibotn. Løyvet vil gi grunnlag for ein viss auke i settefiskproduksjonen og ei sikrare vassforsyning til verksemda. Det nye vassuttaket skal ikkje vere større enn 313 l/s.

Selskapet får løyve til ei avgrensa regulering av Ausvatnet og Sommerhustjønna. Ausvatnet kan regulerast 2,5 meter og Sommerhustjønna 1 meter. Av omsyn til biologisk mangfald og urørt natur vert det ikkje gitt løyve til regulering av Auretjønna.

Det er sett krav om at det skal sleppast ei minstevassføring frå Ausvatnet på 50 l/s og frå Sommerhustjønna på 20 l/s heile året.

Av omsyn til sjøaurebestanden i vassdraget skal eksisterande fiskesperre i utløpet av Ausvatnet fjernast innan tre år.

Med mellom anna desse vilkåra meiner NVE at fordelane ved tiltaka samla sett er større enn ulempene for allmenne og private interesser.