Ny 420 kV Sauda - Gismarvik

Tiltakshaver
STATNETT SF
Sakstype(r)
Nett
Saksnummer
202412920
Status
Utredningsprogram fastsatt
Dato
10.02.2026
Fylke
Rogaland, Vestland
Kommune
Sauda, Tysvær, Vindafjord, Etne

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for nye kraftleidningar i Sauda, Etne, Vindafjord og Tysvær kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.

Statnett planlegg å bygge to nye, parallelle kraftleidningar mellom Sauda og Gismarvik transformatorstasjonar. Dei nye kraftleidningane skal erstatte eksisterande kraftleidningar mellom Sauda og Håvik og Sauda og Kårstø. Eksisterande kraftleidningar nærmar seg teknisk levetid, og må skiftast ut. Kva tema Statnett må utgreie kan du lese i dokumenta på denne siden.

Neste steg i prosessen er at Statnett sender inn ein søknad med konsekvensutgreiingane. Deretter gjennomfører NVE ei ny høyring med moglegheit for å gi innspel til det Statnett søkjer om. NVE vil basert på høyringa og eigne vurderingar, avgjere kva trasé Statnett får løyve til å byggje.