Det er utarbeidd eit elektronisk skjema for søknadar etter vassressurslova, og NVE ser helst at dette vert nytta for å få ei enklare sakshandsaming.

Skjemaet krev pålogging til Altinn, oversikt over NVEs skjema på Altinn finnes her: https://www.nve.no/om-nve/skjema-og-rapporteringsordninger/. Påbegynte skjema kan finnast igjen på eiga side etter pålogging.

Som vedlegg til skjemaet skal det lastast opp søknad med vedlegg. Malar for vedlegga finn ein på fagsida til kvar enkelt sakstype. Vi tilrår at vedlegga er klare for opplasting når søknaden skal sendast inn.

Av omsyn til høyringspartar som får filene tilsendt på e-post bør storleiken på filene avgrensast til 10 MB. Vedlegg kan lastast opp i Word, Open Office eller PDF-format.

Skal du t.d. søke konsesjon om uttak av grunnvatn, gå inn på sida som heiter Grunnvatn og bruk dei søknadsmalane som finst der. For vurdering av konsesjonsplikt, sjå malar på sida Konsesjonspliktvurdering av vassdragstiltak.

 

Vann Foto: NVE