Vassdragstiltak som kan vere til nemneverdig skade eller ulempe for allmenne interesser i vassdraget, må ha konsesjon. Dersom det ikkje er sikkert om tiltaket treng konsesjon, kan tiltakshavar be NVE vurdere konsesjonsplikt.

NVE vurderer konsesjonsplikt etter § 18 i vassressurslova for å avklare vidare saksgang. For krav til innhald i meldinga, sjå eigne malar som er linka opp i høgremargen. Det er utarbeidd elektronisk søknadsskjema der søknadar basert på malane skal leggjast ved. Det er laga ei eiga side der dette er forklart nærare, sjå sida Søke om tiltak etter vassressurslova.

Om vassressurslova

I tillegg til dei generelle reglane om konsesjonsplikt, har vassressurslova særbestemmingar om konsesjonsplikt. Desse reglane gjev konsesjonsplikt for følgjande tiltak:

  • Eksisterande anlegg i verna vassdrag som vert teke i bruk til nye formål (§ 35 nr. 1).
  • Endring i igangverande verksemd, innanfor eksisterande konsesjon, i verna vassdrag dersom det vil påvirke verneverdiane. (§ 35 nr. 2).
  • Gjenopptaking av verksemd i verna vassdrag som har vore innstilt i minst 5 år (§ 35 nr. 2.).

Vassressurslova har følgjande særbestemmingar om tiltak som kan gjennomførast utan konsesjon:

  • Gjenoppretting av vassdraget sitt løp når vassdraget har tatt seg nytt løp, blitt oppgrunna eller djupare, når gjenopprettinga skjer
    • innan tre år viss endringa skuldast ei enkeltståande hending (§ 12 første ledd bokstav a) eller
    • ved opprenskning eller påfyll av masse inntil den djupn eller breidde som vassdraget hadde for 5 år sidan (§ 12 første ledd bokstav b). Regelen gjeld ikkje tiltak i verna vassdrag (§ 35 nr. 3).
  • Opprensking av grøfter i jordbruk og skogbruk dersom dette skjer i samsvar med forskrifter heimla i skoglova eller jordlova (§ 12 fjerde ledd). Regelen gjeld ikkje tiltak i verna vassdrag (§ 35 nr. 3).
  • Grunneigar sitt vassuttak til hushaldning og husdyr på eigedommen, så langt uttaket ikkje er i strid med § 5 (forvaltaransvar og aktsomheitsplikt) og § 10 (minstevassføring), jf. § 15. I verna vassdrag kan det fastsettast ei grense for det samla vassuttaket (§ 35 nr. 7).
  • Grunneigar sitt uttak av grunnvatn til hushaldning og husdyr på eigedommen (§ 45 første ledd). Uttaket kan ikkje overstige det omfang som er naturleg for verksemd, som det er vanleg å drive på slike eigedommer (§ 45 annet ledd bokstav b). Reglane i § 44 andre ledd gjeld for slikt uttak av grunnvatn.
  • Allmennta sitt vassuttak utan grøfting eller bruk av fast leidning eller motorkraft (§ 16).
  • Allmennta sin ferdsel i vassdrag utan bruk av motor (§ 16).
  • Gjenoppføring av vassdragsanlegg med konsesjon, dersom arbeidet startar innan 5 år frå anlegget vart funksjonsudyktig og fullførast med rimeleg hurtigheit (§ 21).

Følgjande tiltak skal etter vassressurslova alltid meldast til vassdragsmyndigheita:

  • Alle planar om kraftutbygging i verna vassdrag (§ 34).
  • Gjenoppretting i vassdrag som er unntatt frå konsesjonsplikt (§ 12) skal meldast til NVE dersom gjenopprettinga kan vere til nemneverdig skade eller ulempe for nokre allmenne interesser.
  • Vassdragstiltak som i utgangspunktet fell inn under konsesjonsplikta i § 8 første ledd, men som må setjast i verk straks for å hindre vesentleg skade (§ 8 tredje ledd).

Meldinga til NVE bør innehalde opplysningar tilsvarande ein forenklet søknad. Det er berre § 34 som gjev meldeplikt med det føremål at vassdragsmyndigheita skal vurdere konsesjonsplikta. For konsesjonspliktige tiltak som må setjast i verk straks for å hindre vesentleg skade, sikrar meldeplikta at NVE får moglegheit til å gje pålegg om korleis tiltaket skal utførast og om retting.

Dei enkelte tiltaka

Vasskraftverk
NVE anbefalar at det blir søkt om konsesjon for kraftverk over 1000 kW utan først å få vurdering av konsesjonsplikta. Dette fordi desse vanlegvis vil vere til ulempe for ei eller fleire allmenne interesser. Unntak er kraftverk som nyttar fall mellom reguleringsmagasin eller ved oppgradering av eksisterande kraftverk. Slike er i mange tilfelle ikkje konsesjonspliktige, og ein kan be om ei vurdering av konsesjonsplikta hjå NVE. Oppfølging av slike anlegg i byggeperioden kan NVE gjere i medhald av eksisterande vilkår. Kraftverk i verna vassdrag er meldepliktig. Meir om søknadsprosessen finn du på sida Vannkraft

Vassuttak
Det er fleire typar vassuttak enn kraftverk som kan vere konsesjonspliktig, m.a. vassuttak til drikkevassforsyning, smoltproduksjon og snøproduksjon. ved vurdering av konsesjonsplikt er det berre ulemper for allmenne interesser som vert vurdert. Eventuelle fordelar og private interesser vert ikkje vurdert. Uttak av vatn til settefisk vil nesten alltid vere konsesjonspliktig, og NVE anbefalar å gå direkte til søknad. Sjå meir på eiga side Akvakultur.  Når fylkeskommunen behandlar søknad om utviding av løyve til settefiskanlegg, gjev NVE fråsegn til det endra vassuttaket.

Grunnvatn
Grunneigar kan utan konsesjon ta ut grunnvatn til naturleg verksemd på eigedommen, jf. vassressurslova § 45. På hytteeigedommar vil dette omfatte vassforsyning til hytta, for jordbrukseigedommar vatn til hushaldning, husdyr og jordvatning.

Det meste anna bruk av grunnvatnet er konsesjonspliktig, og NVE anbefaler å gå direkte til søknad, sjå meir på sida Grunnvatn. For grunnvassuttak som er planlagt i samband med utarbeiding av reguleringsplan, kan NVE vurdere å bruke vassressurslova § 20 om samordning, dersom tiltaket er tilstrekkelig gjort grei for gjennom reguleringsplanarbeidet. Slike planar skal sendast på høyring til NVE.

Vassdragsinngrep
Ein del fysiske inngrep kan også ha verknader for allmenne interesser knytt til vassdraget, m.a. grusuttak, kryssing av vassdrag med infrastruktur, flaum- og erosjonssikring, utbetring av biotopar etc. Dersom det er usikkert om desse tiltaka kan påverke allmenne interesser i vassdraget, kan tiltakshavar be NVE om ei vurdering. NVE treng då ein plan som beskriv det planlagde tiltaket og verknadar dette kan ha for allmenne interesser. For søknadar om vassdragstiltak, sjå sida Vannuttak og andre vassdragstiltak.

Nedlegging av vassdragstiltak
NVE vurderer konsesjonsplikt for nedlegging av vassdragsanlegg. Vassressurslova § 41 omhandlar slik nedlegging. Dersom det er klart at ei nedlegging vil vere til påtakeleg skade eller ulempe for nokon allmenne interresser i vassdraget, eller at tiltaket berre delvis skal leggast ned, anbefalar vi å gå direkte til konsesjonssøknad, sjå meir på sida Nedlegging av vassdragsanlegg.

Tiltak utanfor vassdraget
Vassdragsstyresmakta kan, i forskrift eller i det enkelte tilfelle, fastsetje at tiltak utanfor vassdraget, som kan ha påtakelege verknadar for eit vassdrag, må ha konsesjon etter vassressurslova § 8. Dette kan til dømes vere grøfting, massetippar og arealbruksendringar. Foreløpig er det ikkje foreslått forskrift om dette, men NVE vil kunne fastsetje slik konsesjonsplikt gjennom enkeltvedtak, jf. vassressurslova § 8 andre ledd. Merk at slike tiltak òg kan fangast opp av lova fordi dei påverkar grunnvatn. Det er ikkje utarbeidd eigen søknadsmal for desse tiltaka, men sjå gjeldande rettleiar for krav til innhald i søknader til NVE.

Vidare sakshandsaming ved konsesjonsfritak
Ved fritak frå konsesjonsplikt etter vassressurslova må tiltakshavar avklare med kommunen om tiltaket treng dispensasjon frå arealplan og byggeløyve. Vassressurslova § 5 om aktsomheitsplikt, § 10 om minstevassføring, § 37 om vedlikehald og § 41 om nedlegging gjeld også for konsesjonsfrie tiltak. Meir om dette kan du lese i vår rettleiar (sjå link i høgremargen).