Det er nødvendig med løyve for uttak av grunnvatn som går over det omfang som er naturleg for eigedommen. NVE er delegert myndigheit til å gje løyve til uttak av grunnvatn og andre tiltak som kan påverke grunnvatnet.

Vassressurslova omfattar også grunnvatn. Hovudregelen er at grunnvatnet tilhøyrer eigaren av den grunnen som grunnvatnet ligg under, jf. § 44. Råderetten over grunnvatnet er likevel avgrensa.

Grunneigaren kan i utgangspunktet ta ut vatn til hushald og husdyr på eigedomen utan konsesjon, men ikkje så mykje at restvassføringa i nærliggande vassdrag blir mindre enn den alminnelege lågvassføringa. Grunneigar kan heller ikkje ta ut meir vatn enn det som dannes nytt. I så fall er vassuttaket konsesjonspliktig, jf. § 44 andre ledd og § 45 fyrste ledd.

Elles er hovudregelen at uttak av grunnvatn "som overstiger det omfang som er naturlig for virksomhet som det er vanleg å drive på slike eiendommer", er konsesjonspliktig, jf. § 45 andre ledd, bokstav b.

Vassdragsstyresmakta har fått fullmakt til å fastsetje at "annen rådighet over eller påverkning av grunnvann" er konsesjonspliktig. Konsesjonsplikt kan fastsetjast i det enkelte tilfellet (enkeltvedtak), eller det kan fastsetjast i forskrift, jf. § 45 andre ledd, bokstav c.

Eksempel på tiltak som normalt vil vere konsesjonspliktig er uttak til vasskrevande industri, turistanlegg, offentleg vassforsyning og settefiskanlegg.

Uttak av grunnvatn som var etablert før vassressurslova trådde i kraft blir konsesjonspliktige dersom uttaket aukast eller endrast, og tiltaket ville vore konsesjonspliktig om det var nytt.

Boring etter vann skal meldes innen tre måneder etter fullført boring til NGU (§ 46). Det er utarbeidet egen forskrift om oppgaveplikt ved brønnboring og grunnvannsundersøkelser (FOR-1996-11-19-1066).

Søknaden
Det er utarbeidd ein mal for søknad om uttak av grunnvatn. Lenke til denne finn du i høgremargen. Kor omfattande søknaden må vere, vil avhenge av omfanget av tiltaket. Dersom søknaden gjeld uttak av grunnvatn til settefiskanlegg, fins det eigen mal for dette. Innhaldet i søknaden må i slike tilfelle tilpassast begge malane.