Vassdragsnaturen i Noreg er mangfaldig, og vassressursane blir nytta til ei rekke føremål

Ydding. Foto: Bjørn Lytskjold

Tiltak i vassdrag

Tiltak i vassdraget kan vere vassuttak til alle føremål, også uttak av grunnvatn, og fysiske inngrep i eller nær vasstrengen, bygging av dammar, overføringar, kraftverk, nedlegging av gamle tiltak og mellombelse tiltak. Slike tiltak kan vere konsesjonspliktige.

Vassdragstiltak skal planleggast og gjennomførast slik at dei er til minst mogleg skade og ulempe for allmenne og private interesser. Vassdragstiltak skal òg fylle alle krav som det er rimeleg å stille mot fare for menneske, miljø eller eigedom.

Det kan vere nødvendig med konsesjon

Vassressurslova er den generelle lova om vassdrag og grunnvatn. Den som skal iverksette tiltak som påverkar vassdrag eller grunnvatn, må forholde seg til bestemmingar i vassressurslova og forskrifter gitt i medhald av lova. Den inneheld mellom anna reglar om eigedomsrettslege forhold, forvaltaransvar, aktsomheitsplikt, konsesjonsplikt, erstatning ved skade og tilsyn med tiltak i vassdrag.

Ved inngrep i vassdraga våre må vi ta omsyn til dei naturlege prosessane og den verdien vassdraget har for miljøet og andre allmenne interesser. Dei ulike lovene som gjeld inngrep i og langs vassdrag skal sikre dette. Desse lovene er vassressurslova og vassdragsreguleringslova. Anna lovverk kan og vere aktuelt.

Krav til søknadar og saksbehandling varierer avhengig av kva tiltak det gjeld og storleiken på tiltaket. Dersom det er uklart om eit tiltak er konsesjonspliktig, kan ein be NVE om ei vurdering, sjå sida om konsesjonspliktvurdering. For søknad om konsesjon er det eigne sider for akvakultur, vassuttak og vassdragstiltak, grunnvatn og nedlegging av vassdragsanlegg. NVE sitt miljøtilsyn følgjer opp tiltak med konsesjon. Dei følgjer også opp lovkrav i vassressurslova.

Dammar
Alle dammar skal klassifiserast i ein av fem konsekvensklassar. Det er dameigar sitt ansvar at konsekvensklassen blir fastlagt, og dameigar må sjølv foreslå konsekvensklasse for NVE. Avhengig av konsekvensklasse er det ulike krav til prosjektering og oppfølging av dammar. Dersom dameigar ikkje lenger ønskjer å halde dammen ved like skal han undersøke om nokon andre ønskjer å overta dammen. Viss ingen andre vil påta seg ansvaret skal dammen leggjast ned. Nedlegging av vassdragsanlegg kan vere søknadspliktig til NVE.

Grunnvatn
Vassuttak eller andre tiltak som påverker grunnvatn er nesten alltid søknadspliktige til NVE. Unntaket er grunneigar sitt eige uttak av grunnvatn til bruk på eigendommen.

Vassdragsvern
Verneplan for vassdrag er vedteken i Stortinget ved fleire vedtak i perioden 1973-2009. Ein rekke vassdrag er varig verna mot kraftutbygging. Det er likevel opna for at små kraftverk i verna vassdrag kan konsesjonbehandlast. Eigne bestemmingar om tiltak i verna vassdrag finst i vassressurslova og i "Rikspolitiske retningslinjer for vernede vassdrag".

Vassforvaltningsforskrifta
Vassforskrifta frå 2006 innførte EU sitt vassdirektiv i nasjonalt lovverk. NVE deltek i lokale vassregionutval og arbeidsgrupper, og bidreg med kunnskap om vassdraga og avbøtande miljøtiltak. NVE har også god oversikt over hydrologisk overvaking, gjeldande konsesjonsvilkår og bestemmingar etter vassdragslovgjevinga.

Tiltak utanfor vassdrag
Vassdragsstyresmakta kan, i forskrift eller i det enkelte tilfelle, fastsetje at tiltak utanfor vassdraget som kan ha påtakelege verknader for eit vassdrag, må ha konsesjon etter vassressurslova § 8. Dette kan til dømes vere grøfting, massetippar og arealbruksendringar.  Foreløpig er det ikkje foreslått forskrift om dette, men NVE vil kunne fastsetje slik konsesjonsplikt gjennom enkeltvedtak, jf. vassressurslova § 8 andre ledd. Merk at slike tiltak òg kan fangast opp av lova fordi dei påverkar grunnvatn, jf. vassressurslova § 45 c.