NVE har eit vidtrekkande ansvar for tilsyn innanfor vassdrags- og energilovgjevinga og anna energirelatert regelverk.

Tilsynsområda til NVE

-Sikkerheit ved dammar og andre vassdragsanlegg
-Miljøtilsyn av vassdrags- og energianlegg
-Kraftforsyningsberedskap
-Overføringsanlegg - drift og vedlikehald
-Fjernvarmeanlegg
-Kraftsystemutgreiingar
-Rasjoneringsplanar
-Statnett si utøving av systemansvaret
-Kraftmarknadsåtferd
-Regulerkraftavrekning
-Marknadsplass for omsetjing av elektrisk kraft
-Miljøkrav ved bygging og drift av energianlegg
-Utanlandshandel
-Tariffering, anleggsbidrag og tilknytingsplikt
-Økonomisk og teknisk rapportering
-Leveringskvalitet og feilanalyse
-Elsertifikat
-Prising sertifikatkostnadar i sluttbrukarmarknaden
-Opphavsgarantiar
-Energimerking av bygg og energivurderingar
-Energimerking av energirelaterte produkt
-Økodesign av energirelaterte produkt
-Energieffektivisering i energiintensiv industri
-Systemansvaret

Bessaker vindkraftverk. Foto: NVE

NVE kontrollerar at kraftselskapa har beredskap mot havari og sikrer at kraftforsyninga si rolle i den sivile beredskapen blir ivareteken. Vi fører også tilsyn med at eigarar av dammar og andre anlegg i vassdraga ivaretek det ansvaret dei har for å vere førebudd på unormale hendingar, og at dei overheld konsesjonsvilkår, manøvreringsreglement og andre reglar knytt til natur og miljø. NVE kontrollerar også nettselskapa si etterleving av gjeldande regelverk og sørger for at dei opptrer nøytralt og ikkje utnyttar monopolsituasjonen sin. I tillegg førast det tilsyn for å sikre ein effektiv og sikker kraftmarknad.

NVEs tilsyn er den konkrete kontrollen med etterlevinga av regelverket og reaksjonar ved avvik frå regelverk. Kontrollen utførast i hovudsak som revisjon og inspeksjon, men også andre metodar blir nytta som for eksempel kartlegging retta mot fleire aktørar samtidig,  spørjeundersøkingar eller samanstilling av dokumentasjon..

NVE er oppteken av at avdekte avvik skal følgast opp med føremålstenlege reaksjonar. Dei siste åra har vi meir aktivt teke i bruk formelle reaksjonar ved alvorlege brot på dei krav som gjeld. Reaksjonsbruk har stor effekt. Bruk av for eksempel lovbrotsgebyr i ei sak får mykje merksemd i media og hos andre aktørar innanfor same fagområdet. Reaksjonsbruk gir på den måten ofte ringverknader langt ut over den konkrete saka. Dette viser at det må være eit tett samspel mellom kontroll og reaksjonsbruk for å sikre at dei gjeldande krava blir følgde opp av aktørane innanfor vassdrags- og energisektoren.

Mykje av NVEs tilsyn er gebyrfinansiert. Dette gjeld tilsyn for beredskap, damsikkerheit, elsertifikat, fjernvarme, miljø, utanlandskablar, vedlikehald og modernisering. For enkelte av ordningane er det laga eigne berekningsreglar som viser kva slags faktorar som skal leggast til grunn for utrekning av tilsynsgebyra. Øvrige ordningar betaler gebyr etter eigarskap, konsesjon mm.

Samarbeid med andre tilsynsetatar

NVE og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har etablert eit felles tilsynsforum for å oppnå ei meir koordinert tilsynsverksemd med nettselskap.

NVE deltek også i Nasjonalt miljøforum som består av representantar frå Økokrim, Riksadvokaten og ulike tilsynsorgan, og har fokus på bruk av reaksjonar ved brot på miljølovgjevinga.