I 2017 kjøpte nettselskapa varer og tenester til eigen nettverksemd frå andre selskap med eigarsamband til nettselskapet, for totalt 2,9 mrd kr. NVE fører tilsyn med at slike kjøp er basert på konkurranse.

Kravet om konkurranse sikrar marknadspris, reduserer risiko for kryssubsidiering og bidreg til ein velfungerande marknad.

- Nytt regelverk for konkurranseutsetting av kjøp til nettselskapa har vore i kraft sidan 2016 og skal bidra til at nettleiga ikkje vert for høg. Det nye regelverket har vore tema for tilsyn i 2018 og vi kjem til å halde same fokus for tilsyna i 2019, seier direktør Ove Flataker.

Nettselskapa måtte frå 2016 tilpasse seg eit nytt regelverk rundt kjøp av varer og tenester til nettverksemda som dei kjøper av andre selskap i same konsern.

Store investeringar dei siste ti åra
Rapporten «Utvikling i nøkkeltal for nettselskap» viser at dei siste ti åra er det investert 106 mrd. kr i strømnettet i Noreg justert for inflasjon. Investeringane har fordelt seg med 50 mrd. kr i det lokale distribusjonsnettet, nesten 19 mrd. kr i regionalt distribusjonsnett og i overkant av 37 mrd. kr i transmisjonsnettet. Nettkapitalen (nettanlegga si verdi per 31.12.) har auka med 88 prosent frå 54 mrd. kr i 2008 til 102 mrd. kr i 2017 (nominelt).

Høg grad av offentleg kontrollert eigarskap
Tala frå nettselskapa viser at nettkapitalen i Noreg i stor grad er kontrollert av offentlege eigarar; kommune, fylkeskommune eller stat. Graden av offentleg kontrollert nettkapital har dei siste ti åra auka frå 95 til 98 prosent. Med kontroll meiner vi at det offentlege har ein eigardel i nettselskapet eller mor-/holdingselskapet på over 50 prosent.

Færre nettselskap
Talet på nettselskap i bransjen er redusert frå 157 i 2008 til 124 ved utgangen av 2017. Det er venta at talet på nettselskap ved utgangen av 2018 er ytterlegare redusert til totalt 120. I 2017 hadde 15 nettselskap fleire enn 30 000 abonnentar, medan 51 nettselskap hadde færre enn 7 000 abonnentar. Medianselskapet i 2017 hadde i underkant av 7 300 abonnentar. Dei store selskapa har i overkant av to tredjedelar av abonnentane i Noreg.

Rapporterte data frå nettselskapa viser at dei store nettselskapa med fleire enn 30 000 abonnentar i snitt har eit lågare kostnadsnivå og høgare effektivitet, samanlikna med dei mellomstore og små selskapa. Det er store individuelle skilnader mellom nettselskapa.

Sjuande rapport
Rapporten «Utvikling i nøkkeltal for nettselskap» er den sjuande i sitt slag og tek utgangspunkt i økonomiske og tekniske data som NVE samlar inn til bruk i reguleringa av nettselskapa. I rapporten ser vi blant anna på kostnadsutviklinga for bransjen og for Statnett, og skilnader mellom nettselskap av ulik storleik