Publisert 24.02.2017 , sist oppdatert 15.06.2021

Odd Are Jensen

Namn: Odd Are Jensen

Seksjon: Skredkunnskap og -formidling

Utdanningsbakgrunn (type utdanning og kvar): Kvartærgeolog utdanna ved Universitetet i Bergen

Kor lenge har du jobba i NVE: Sidan 2010

Kvifor valde du NVE? Eg valde NVE av fleire grunnar. Det er ein seriøs aktør, med dyktige fagfolk. Det var mogeleg å jobbe med spanande og samfunnsnyttige oppgåver. Men viktigast av alt var at ein kunne gjere desse oppgåvene i Førde.

Kva jobbar du med? Jobbar som skredgeolog. Hovudoppgåvene mine er kartlegging, forsking og formidling av kunnskap om korleis ein forhindrar skredulykker. I jobben er det stor grad av samarbeid og samhandling på tvers i eigen organisasjon og med andre offentlige og private aktørar som Statens vegvesen, Jernbaneverket, NGU, Universitet og høgskular, og private aktørar i forsking som SINTEF og NGI.

Kva av dine arbeidsoppgåver er mest spennande? Dei mest spanande arbeidsoppgåvene er knytt til arbeid ute. Kartlegging, forsking og oppfølging av skredhendingar medfører eit stort ansvar og mogelegheit til å utfordre seg fagleg.