Mindre vatn i magasina. Ved utgangen av veke 40 var fyllingsgraden i norske magasin 85,3 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 0,8 prosenteiningar mot ein auke på 2,7 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 87,1 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 90,1 prosent, mens Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 80,5 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 85,8 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 40, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.