Framleis nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 16 var fyllingsgraden i norske magasin 38,4 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 1,5 prosenteiningar mot 2,1 prosenteiningar veka før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 32,9 prosent, og maksimum 52,4 prosent.

Vest-Noreg (område 2) og Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 44,0 prosent. Fyllingsgraden i Søraust-Noreg (område 1) var på 30,7 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 16, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.