Mindre nedtapping av magasina. Ved utgangen av veke 46 var fyllingsgraden i norske magasin 72,5 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 1,5 prosenteiningar, mot 3,2 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 83,7 prosent, og minimumsverdien 64,0 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 76,1 prosent, mens Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 69,4 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 72,5 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 46, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.