Betydeleg nedgang i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 45 var fyllingsgraden i norske magasin 74,0 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 3,2 prosenteiningar, mot 1,9 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 84,7 prosent, og minimumsverdien 65,1 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 77,4 prosent, mens Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 71,2 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 73,9 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 45, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.