Mindre vatn i magasina. Ved utgangen av veke 44 var fyllingsgraden i norske magasin 77,2 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 1,9 prosenteiningar, mot 1,8 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 85,7 prosent, og minimumsverdien 64,3 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 80,9 prosent, mens Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 73,8 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 77,3 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 44, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.