Større auke i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 21 var fyllingsgraden i norske magasin 46,9 prosent.

Gjennom veka auka fyllingsgraden med 5,9 prosenteiningar mot 1,9 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 44,0 prosent, og maksimum 65,1 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Midt- og Nord-Noreg (område 3) med 49,3 prosent, mens Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 45,2 prosent. Vest-Noreg (område 2) hadde ein fyllingsgrad på 46,7 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 21, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.