Framleis nedgang i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 17 var fyllingsgraden i norske magasin 29,5 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 2,3 prosentpoeng, mot 1,8 prosentpoeng veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 32,1 prosent, og minimumverdien 18,7 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 39,6 prosent, medan Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 22,2 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 30,7 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 17, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.