Same nedgang som førre veke. Ved utgangen av veke 14 var fyllingsgraden i norske magasin 42,0 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 1,8 prosenteiningar som veka før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 36,1 prosent.

Vest-Noreg (område 2) og Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde magasinfylling på 47,6 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 34,2 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 14, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.