Magasinfylling under 45 prosent. Ved utgangen av veke 13 var fyllingsgraden i norske magasin 43,8 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 1,8 prosenteiningar mot 2,3 prosenteiningar veka før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 38,4 prosent, og maksimum 56,8 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 49,4 prosent, mens Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 36,0 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 49,3 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 13, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.