Framleis nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 12 var fyllingsgraden i norske magasin 45,6 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 2,3 prosenteiningar mot 2,5 prosenteiningar veka før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 40,7 prosent, og maksimum 58,0 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 51,3 prosent, medan Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 38,0 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 51,0 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 12, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.