Noko mindre nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 11 var fyllingsgraden i norske magasin 47,9 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 2,5 prosenteiningar mot 3,7 prosenteiningar veka før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 42,9 prosent, og maksimum 57,6 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 53,3 prosent, mens Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 40,9 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 52,7 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 11, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.