Mindre vatn i magasina. Ved utgangen av veke 9 var fyllingsgraden i norske magasin 42,8 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 2,7 prosenteiningar, mot 2,0 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 48,0 prosent, og minimumverdien 24,8 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 52,1 prosent, medan Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 35,0 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 45,4 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 9, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.