Nokon mindre nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 8 var fyllingsgraden i norske magasin 45,5 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 2,0 prosenteiningar, mot 2,9 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 51,7 prosent, og minimumverdien 27,0 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 54,4 prosent, medan Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 37,7 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 48,2
prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 8, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.