Framleis nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 8 var fyllingsgraden i norske magasin 57,7 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 3,4 prosenteiningar mot 3,1 prosenteiningar veka før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 50,5 prosent, og maksimum 61,8 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 63,0 prosent, mens Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 52,7 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 59,8 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 8, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.