Fyllingsgraden under 50 prosent. Ved utgangen av veke 7 var fyllingsgraden i norske magasin 47,5 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 2,9 prosenteiningar, mot 3,4 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 55,4 prosent, og minimumverdien 29,9 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 55,6 prosent, medan Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 40,0 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 50,6 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 7, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.