Omtrent same nedtapping av magasina som veka før. Ved utgangen av veke 7 var fyllingsgraden i norske magasin 61,1 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 3,1 prosenteiningar mot 3,0 prosenteiningar veka før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 54,0 prosent, og maksimum 62,0 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 66,2 prosent, mens Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 56,9 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 62,4 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 7, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.