Framleis nedgang i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 6 var fyllingsgraden i norske magasin 50,4 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 3,4 prosenteiningar, mot 3,1 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 57,6 prosent, og minimumsverdien 32,8prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 58,5 prosent, mens Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 43,7 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 52,6 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 6, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.